- Koriander
- Du ... Eg går og grublar over tryggleiken igjen ...
- Det er så mange kongar og dronningar som har blitt snikmyrda under kronings-seremonien. Også i slekta mi.
- Og om berre nokre timar får me tusenvis av gjestar frå heile verda – og eg vert midtpunktet. Det gjer meg skikkeleg redd!
- Pepar
- Ta det roleg, Koriander. Me følgjer planen vår. Shichimi og eg skal vera livvaktene dine, veit du.
- Shichimi
- Akkurat. Ta ein pause no – og tenk på noko anna ei stund.
- Koriander
- OK.
- Forresten – kan eg visa dykk den siste oppfinninga mi?
- Skreddar
- ...
- Koriander
- Eg har henne i arbeidsrommet i kjellaren. Denne vegen.