A speechbubble På grunn av Creative Commons-lisensen kan du bidra til Pepar & Gulrot på mange ulike måtar. Delta i prate­rommet vårt og del prosjekta dine!
(Obs: Engelsk vert brukt i dokumentasjonen, på wikien og i pratekanalane.)

Pepar & Gulrot-wikien

Pepar & Gulrot-wikien

Hjelp oss å vidare­utvikla wikien, som har meir om mytologien, personane og alt som gjev liv til Hereva. Wikien er samlings­staden vår for koordinering av avleidde verk og utviding av Hereva-universet.

Gå til wikien
Verka dykkar

Verka dykkar

Har du laga noko basert på teikne­serien – ein video, eit data­spel, ei forteljing eller noko anna? Eg viser gjerne fram Pepar & Gulrot-prosjektet ditt på bloggen!

Utforsk alle verka på bloggen
Omsetjing og rettingar

Omsetjing og rettingar

Både Pepar & Gulrot-nettstaden og teikne­seriane der er laga for å vera fleir­språklege og kunna omsetjast. Her finn du ressursar og omfattande dokumentasjon for å starta ei omsetjing eller gjera rettingar.

Les dokumentasjonen
Tilhengjar­kunst

Tilhengjar­kunst

Eg ser fram til å sjå tilhengjar­kunst frå dykk! Både teikningar, 3D-modellar, skulpturar, teikne­seriar, cosplay og framlegg til nye historier er velkomne her. Nettstaden har òg eit galleri der du kan sjå kva andre har laga.

Bidra til tilhengjarkunst-galleria
Presse, blogg og sosiale medium

Presse, blogg og sosiale medium

Eg har ikkje noko marknads­førings- eller kommunikasjons­budsjett, så eg treng hjelp frå dykk! Å skriva artiklar eller blogg­innlegg, delta i diskusjons­forum og dela lenkjer på sosiale medium er alle verdifulle bidrag. Eg har laga klar ein «presse­pakke» med ferdige ressursar.

Få tilgang til pressepakken
Betalesing av nye episodar

Betalesing av nye episodar

Ei veke eller to før eg gjev ut ein ny episode, legg eg ofte ut ein diskusjons­tråd der omsetjarar, korrektur­lesarar og nysgjerrige lesarar kan gje tilbake­melding på episoden. Vanlegvis kunn­gjer eg dette på bloggen min. Du treng berre ein Framagit-konto for å kunna delta!

Les tidlegare betadiskusjonar
Bidra økonomisk

Bidra økonomisk

Alt om finansiering av teikne­serien står på sidene «Filosofi» og «Støtte». Økonomisk støtte hjelper meg å dekkja vanlege utgifter (som rekningar), slik at eg får meir ledig tid til å laga teikne­serien. Alle penge­gåver – uansett kor små, og gjevne éin gong eller fast over tid – er til hjelp. Det same er kjøp frå nett­butikken.

Vert fast sponsor
Andre måtar å bidra på

Andre måtar å bidra på

Det finst mange måtar å hjelpa til på! Program­utviklarar kan retta feil i teikne­programma eg brukar, musikarar kan laga musikk­tema for Pepar & Gulrot, journalistar kan dela nyheiter om Pepar & Gulrot i aviser eller på fjernsyn, og trykkjarar kan laga plakatar eller andre varer med Pepar & Gulrot på. Det finst uendeleg med moglegheiter!

Del framlegg i prateromma