Ei teikneseriestripe med fire ruter:
Rute 1. Ei ung, mørk dronning stiller eit spørsmål til ein trollspegel på veggen.
Mørk dronning: Spegel, spegel på veggen der, kven er den vakraste i landet her?
Rute 2. Spegelen viser biletet av ei ung kvinne.
Spegel: Ho her.
Rute 3. Dronninga vender avvisande ryggen til spegelen, som om ho skal forlata rommet.
Mørk dronning: Du meiner eg manglar det vesle ekstra? Pytt, det kan eg lett ordna. Spegel: Tvilar på at det hjelper …
Rute 4. Den mørke dronninga er tilbake med ei slegge og smiler. Spegelen sveittar og ristar medan han viser biletet av dronninga sjølv.
Spegel: Å! Det vesle ekstra! Veldig overtydande!