Støtte

Korfor støtte frå deg er viktig

I over ti år har eg delt nett­striper, teikningar, innføringar og ressursar gratis og under frie lisensar. Dette er fordi eg støttar etosen bak fri program­vare og open kjelde­kode, og eg nektar å vera avhengig av opphavs­rett, betalings­murar, reklame og ikkje-fri programvare. Du kan lesa meir om filosofien min her

.

Men å skapa og dela alt på denne måten dekkjer ikkje utgiftene mine. Derfor er eg avhengig av penge­gåver frå dykk. Alt dette frie innhaldet eg har kunna laga dei siste åra, er gjort mogleg på grunn av bidrag frå ei lita, men dedikert gruppe støtte­spelarar. Sjenerøsiteten deira kjem alle dei andre lesarane til gode.

Om du òg kan verta ein økonomisk støtte­spelar, vil eg verkeleg setja pris på det. Inntekta mi er avhengig av slike bidrag, og penge­gåver gjer det lettare for å meg å halda fram med å skapa innhald.

− David Revoy
Pepar og Gulrot ser glade ut der dei går heim med bereposar fulle av frukt og grønsaker.

Ulike måtar å støtta på

Du lurar kanskje på korfor det er så mange ulike måtar du kan støtta meg på. Gjennom åra har eg meldt meg på ulike platt­former som tilbyr folk å støtta kunstnarar. Eg gjorde dette hovud­sakleg fordi potensielle støtte­spelarar ba meg oppretta profilar på desse platt­formene. I tillegg meiner eg at det å ha fleire kanalar er meir robust, i tilfelle éin av dei vert stengd eller får andre problem.
Liberapay logo

Liberapay

Ei teneste laga spesifikt for frie prosjekt. Liberapay har ikkje transaksjons­kostnadar, og du kan støtta meg månadleg. Dette er fyrste­valet mitt. → liberapay.com/davidrevoy/
Patreon logo

Patreon

Ei populær amerikansk sponsor­teneste. Patreon tek 5 % i gebyr for alle transaksjonar. Profilen min er sett opp slik at eg berre mottek støtte når eg gjev ut ein ny episode av Pepar & Gulrot (noko som for tida tek meg meir enn tre månadar). Men tenesta har kunn­gjort at denne funksjonen forsvinn november 2025, og etter det er det berre mogleg å gje støtte på månadleg basis. Alle vert kontakta før denne endringa, slik at de kan tilpassa støtte­beløpet dykkar. → patreon.com/davidrevoy
Tipeee logo

Tipeee

Tipeee er eit europeisk alternativ til Patreon og tek òg 5 % i gebyr. Lenge var dette den einaste tenesta der ein kunne betala i euro, og ho er tilgjengeleg på fleire språk (fransk, nederlandsk, italiensk og spansk). Òg her får eg berre støtte når eg legg ut ein ny episode av Pepar & Gulrot, men det kan vera eg byter til månadleg betaling når Patreon fjernar tilsvarande funksjon i november 2025. → tipeee.com/pepper-carrot

Pengegåver direkte

Paypal logo

PayPal

Ei kjend teneste der du kan overføra pengar over nettet. Støttar mange ulike valutaar og er tilgjengeleg i dei fleste land. → paypal.me/davidrevoy
Iban

Bank­overføring (IBAN):

Dette alternativet er gratis i Europa, og du kan gjera ei éingongs­betaling eller regel­messige betalingar direkte frå bank­kontoen din. Person­vernet ditt vert òg verna av bankane. Kontoen min er i ein fransk bank, så sjekk med din eigen bank om avgifter dersom du held til utanfor Europa.
IBAN: FR6230002040630000090557K69
 RIB: 30002040630000090557K69
 BIC: CRLYFRPP

Postadresse

Viss du vil overraska meg, er ingen­ting betre enn eit post­kort, eit hand­skrive breve eller ein pakke. Eg deler ikkje heime­adressa mi (grunna tidlegare truslar og uønskte gjestar). Men eg har ein post­boks hos eit tannlege­kontor. Eg vert varsla når det kjem noko der, og denne ordninga fungerer veldig bra.
Her er adressa:
Cabinet Dentaire (pour David REVOY)
135 Avenue des Mourets
82000 MONTAUBAN
FRANCE

Ta kontakt

Har du spørsmål, så er eg her. Du kan senda meg ei personleg melding på sosiale medium (du finn lenkjer nedst på sida) eller ein e-post til: info@davidrevoy.com

Tusen takk!
Pepar og Gulrot som slappar av på marka.