Skrift: FARE. HEKS. PRIVAT OMRÅDE. 33. Karve: Jajamensann! Då var ferien over!. La oss byrja med eit kurs om eldgamle heksebrygg og hovudingrediensane deira.. Hm ... Søren! Tomt for draketann-pulver. Kan ikkje byrja kurset utan det .... Skrift: Draketann.
Karve: Kajenne! Timian! Kan de finna draketann til meg?. Kajenne: I denne kulda?! Elles takk!. Timian: Same her!. Pepar: Ikkje noko problem. Eg fiksar det!. Karve: Vent, Pepar!. Pepar: Er snart tilbake!. «Kulda», «kulda»! For nokre pyser!. Ei god tong og litt vern på kroppen, så er draketennene snart våre..
Pepar: Ha, ha! Oi! Det vert visst ørlite vanskelegare enn eg hadde rekna med.. Pfff! ... og eg som trudde det ville vera lettare med ein luftdrake!.
Pepar: Gulrot! Kom tilbake ... Sumpdrakar er kjende for å vera fredelege!. ... trudde eg.. Hmmm... Lyndraken ... Her er nok ikkje dette rett verktøy for jobben..
Pepar: OK. Det er for vanskeleg ... Eg gjev opp.. Nei! Pepar gjev aldri opp!. Forteljar: Neste dag .... Fugl: Kykkelikyyyyyy!!!. Karve: !!!.
Pepar: No? Imponert, eller?. Eg har hundre draketenner! Minst!. Lyd: popp!. Skrift: Drake-tannlege. Gratis!. Karve: ... men Pepar, draketann, .... ... det er ei plante!. Forteljar: – SLUTT –. Bidragsytarar: Januar 2016 – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer.
Bidragsytarar: Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 671 som støtta denne episoden:. Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: https://www.patreon.com/davidrevoy. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0 Kjeldefiler: Tilgjengelege på www.peppercarrot.com Verktøy: Denne episoden er 100 % teikna med fri programvare Krita 2.9.10, Inkscape 0.91 på Linux Mint 17.