Skrift: Stjerne-gata. Safrans hekseri. SLAKTAR. Frisør. Safran: Nei, nei og atter nei, Pepar!. Lyd: Glugg Glugg.
Safran: Dette må du ordna opp i sjølv. Er det noko eg ikkje gjer, så er det å mekla – ikkje eingong for vener. Det kjem det nemleg aldri noko bra ut av.. Pepar: Ver så snill, Safran .... Eg lærer ikkje noko frå gudmødrene! Dei tek berre over huset mitt, klagar over gikta og kjeftar på meg same kva eg gjer .... Er du heilt sikker på at du ikkje kan hjelpa meg å snakka med dei ...?. Safran: Høyr her! Du er ei heks – du bør snart læra å oppføra deg som ei! Tal med dei sjølv! Vis at du er stor jente!. Greitt, greitt! Eg får vel verta med deg og veksla nokre ord med dei..
Timian: Ikkje lærer noko?! Kva i alle dagar meiner du?!. Fugl: pip pip. pip pip. pip pip. pip pip. pip pip. Timian: Og så har du ikkje eingong mot nok til sjølv å seia det til oss!. Lyd: BANK!. Timian: Hadde det ikkje vore for gikta, skulle du fått ein real leksjon! Og ikkje i hekseri, om du skjønar kva eg meiner.. Kajenne: Ro deg ned, Timian! Dei er inne på noko ....
Kajenne: Me er ikkje så unge som me ein gong var, og det er nok på tide med ein liten leksjon. Eg føreslår at me derfor tek eit møte med vismannen på fjellet. Lærdommen hans gjer klok!. Timian: He, he! Vismannen? Er dei ikkje for unge til å forstå læra hans?. Pepar: For unge til kva?! Me dreg!. Safran: «Me»?. Timian: Ja, så er me her. De kan sjølve presentera dykk for vismannen. De finn han oppe på fjelltoppen.. Klare for ein skikkeleg leksjon?.
Pepar: Klar!. Safran: Eg òg!. Timian: Bra! Det er den rette innstillinga!. Spring!. Pepar: Å nei!. Safran: Eit ... MONSTER!. Pepar: EG VISSTE DET! DET ER EI FELLE! TIL ÅTAK!!!.
Pepar: GRAVITAS SPIRALIS!. Safran: BRASERO INTENSIA!. Lyd: Plask!. Timian: Å, ungdommen no til dags ... Skal alltid gå til åtak på alt og alle! Vismannens leksjon er å gjera som han! Når ingenting går som ein vil, er ikkje noko betre enn eit godt, varmt bad! Det er bra både for gikta vår og nervane dykkar!. Pepar: Kva slags leksjonar er det her?!. Forteljar: – SLUTT –. Bidragsytarar: April 2016 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. Programvare: Krita, Blender, G’MIC og Inkscape på Ubuntu..
Bidragsytarar: Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 671 som støtta denne episoden:. Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy.