Karve: Men Pepar ... Ikkje gå .... Pepar: NEI! EG DREG!. De lærer meg ikkje ekte trolldom! Eg dreg til ah-heksene!. Lyd: Svosj!.
Pepar: Og så går turen til landet med månenedgangane. Me kan høyra med Shichimi om korleis me kan verta ah-hekser.. Hent fram kart og kompass, Gulrot. Eg ser ingenting med alle desse skyene her!. SØREN! Turbulens! HALD DEG FAST!. Lyd: BrrOoooOoo!!. Pepar: Å nei!!!.
Lyd: Krrasj!.
Pepar: Det viktige no er å ikkje få panikk, Gulrot .... Kajenne: «Ein god, mørk stir er verd ti ubrukelege forbanningar! Stir dei i senk ... Få makt over dei!». Monster: Wah! Aah!. Pepar: Sjølv ville eg føretrekt å læra nokre gode åtaksformlar ... Men greitt .... Søren ... Utan sopelime og utstyr ... Dette vert ein lang tur ....
Gulrot: Rumle. Pepar: Eg òg er heilt utsliten, Gulrot ... Me har ikkje ete noko på fleire dagar!. Karve: «Å kjenna til kva planter som er etande, er som å veta korleis ein finn fiks ferdige trylledrikkar mot svolt!». Pepar: Men ekte trylledrikkar?! Om ho berre hadde lært meg å laga ein einaste ein!.
Timian: «Ei ekte kaosah-heks treng ikkje kart eller kompass; det held med ein stjerneklår himmel.». Pepar: ... Men eg ville likevel føretrekt eit ekte kurs i spådom!. Opp med humøret, Gulrot! Me er framme!.
Pepar: Sånn, ... ... no veit du alt som hende.. Shichimi: ... og du seier at du er komen fordi dei ikkje har lært deg noko som helst?!. Forteljar: – SLUTT –. Bidragsytarar: Juni 2016 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. Programvare: Krita, G’MIC og Inkscape på Ubuntu..
Bidragsytarar: Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 719 som støtta denne episoden:. Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy.