Skrift: SPESIALINNBYDING. Endeleg kan Komona by kunngjera ein ny trolldomskonkurranse. Fyrstepremie: 50 000 Ko for den mest imponerande trolldomsoppvisinga! Inngang: 150 Ko Den nye, enorme og sikre arenaen i Komona, Azardag, klokka 10. Pepar: Eg er klar! Kom igjen, Gulrot, så dreg me!.
Pepar: Er du sikker på at du ikkje vil vera med?. Kajenne: Heilt sikker. I kaosah driv me med trolldom, ikkje show!. Skrift: KOMONA-nytt. OPNING AV DEN NYE ARENAEN I DAG. FOLKET UROA OVER AUKA SKATTAR. ALLE BILLETTANE SELDE: GARANTERT SUKSESS!. POLITISK URO I LANDET AH. AH OKKUPERER 80 % AV LANDOMRÅDA. DU HAR PERFEKT SYN!. Pepar: Takk for at eg får lov til å delta! Og eg lovar å vinna! Me snakkast i kveld!. Lyd: Kleis!. Kajenne: ....
Ordføraren i Komona: Som ordførar i Komona erklærer eg med dette den andre store trolldoms-konkurransen for open!. Publikum: Klapp. Ordføraren i Komona: Eg veit de har venta i spenning på denne storhendinga! Takk for at de har kome frå alle fire verdshjørna av Hereva for å vitja vår nye, storslegne og ultrasikre arena!. La meg no presentera deltakarane!. Gulrot: ZZZ.... Pepar: Gulrot?! Kva held du på med?! Vakna! Det startar no! Alle ser på oss!. Lyd: Dult!.
Ordføraren i Komona: Ho er ein meister i gjen-opplivingstrolldommen zombiah. Det er ei ære å kunna ynskja velkomen ... KORIANDER!. Publikum: Klapp. Ordføraren i Komona: Ho kjenner alle løyn-dommane til både flora og fauna! Ta godt imot hippiah-heksa ... KAMILLE!. Og no, takka vere den høge tekniske ekspertisen i Komona, viser me for aller fyrste gong .... Lyd: Fapp!. Ordføraren i Komona: ... ei heks frå djuphavet – og meister av den eineståande akvah-magien! SPIRULINA!. Pepar: Akvah?! Her?! Utruleg!.
Gulrot: Rumle. Pepar: Gulrot! No er det straks vår tur! Ha tol! Ver så snill! Om berre i dag!. Ordføraren i Komona: Og så ei heks av den åndelege og asketiske ah-trolldommen. Me er glade for å ta imot ... SHICHIMI!. Publikum: Klapp. Pepar: Gulrot! NEI!!!.
Ordføraren i Komona: Og så denne mystiske deltakaren – som har meldt seg på anonymt – og vil visa oss litt frå den raudglødande heite magmah-trolldommen .... Lyd: Fapp!. Ordføraren i Komona: Oi! For ei overrasking! Ja, det er henne – ingen ringare enn ... SAFRAN!. Lyd: Plask!. Ordføraren i Komona: Oi sann! Det ser ut til at ein deltakar alt er i vanskar!. Publikum: Ha!. Ordføraren i Komona: Frøken! Still deg tilbake på plass!!!. Pepar: Gulrot! Nei!. Lyd: Dzing!. Pepar: ?!. Lyd: Plask!.
Pepar: Ha-ha! Takk, Spirulina! Og orsak .... Kor har du tenkt deg?! KOM HER!. Ordføraren i Komona: Kremt! Og her er den siste deltakaren – med den ... æh ... ubeskrivelege kaosah-trolldommen ... PEPAR!. Og sidan ho vann trylledrikk-konkurransen, får ho æra av .... Pepar: ?! .... Ordføraren i Komona: ... å verta .... ... medlem av juryen vår!. Lyd: Dunk!. Publikum: Klapp Klapp Klapp Klapp Klapp. Skrift: Offisiell jury i trolldomskonkurransen. Pepar: Jippi.. Skrift: Dronning Aiel. Pepar. Lord Azeirf. Forteljar: FRAMHALD FØLGJER ....
Bidragsytarar: Februar 2017 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Idédugnad: Craig Maloney, Quiralta, Nicolas Artance, Talime og Valvin.. Forbetring av dialogen: Craig Maloney, Jookia, Nicolas Artance og Valvin.. Ein særskild takk til Inkscape-gruppa, spesielt Mc.. Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.. Programvare: Krita 3.2.1 og Inkscape 0.91 på Linux Mint 18.1 XFCE. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 816 som støtta denne episoden:. Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy.