Ordføraren i Komona: Vår store trolldoms-konkurranse kan endeleg starta!. Skrift: Trolldomkonkurranse.
Ordføraren i Komona: Og takka vere dei geniale ingeniørane våre kan de òg delta!. Ja, det stemmer, mine vener. Sjå nærare på desse teknologiske underverka som publikumsvertane no deler ut!. Det er no de som vel vinnaren! Trykk på den grøne knappen for å gje ein deltakar eit poeng eller på den raude for å gje deltakaren eit minuspoeng.. Kva så med juryen, lurer de kanskje på? Slapp av – me har tenkt på alt!. Jurymedlemmane har fått ein spesial-trykkjar som gjev heile hundre pluss-eller minuspoeng!. Pepar: Jøss!.
Ordføraren i Komona: Og prikken over i-en: Poenga vert viste fram over hovuda på deltakarane!. Skrift: 1337. Ordføraren i Komona: Dei tre heksene med flest poeng går vidare til finalen!. Og hugs at vinnaren får med seg fyrste-premien på utrulege ... ... 50 000 Ko!. Publikum: Klapp.
Publikum: Klapp. Gulrot: Trykk. Pepar: Eit fantastisk opplegg, ikkje sant, Gulrot?. Nyskapande ... Underhaldande ... Demokratisk ... ... eit perfekt system!. Me treng ikkje lenger ekspertar til å vurdera kvaliteten! For eit framsteg! Me lever verkeleg i ei fantastisk tid!. Ordføraren i Komona: Har alle funne fram trykkjaren sin?. Publikum: Supert!. Ja!. Jepp!. Ja!. Ja!. Ordføraren i Komona: Bra! La konkurransen ... STARTA!!!.
Ordføraren i Komona: Kamille er fyrste deltakar ut!. Lyd: Dgiiioo .... Kamille: SYLVESTRIS!. Lyd: Smell!. Publikum: Trykk Trykk Trykk Trykk Trykk Trykk Trykk.
Skrift: 5861. Ordføraren i Komona: Ei sterk opning av Kamille! Så er det Shichimi sin tur!. Publikum: Klapp. Shichimi: LUX ... MAXIMA!. Lyd: Visssssl!. Publikum: Au!. Ååå!. Auga mine!!!. Buu! Buuu!. Pepar: Gulrot ... Gje henne ei stemme likevel. Ho er jo venen vår .... Gulrot: Trykk. Publikum: Buuu! Buuu!. Skrift: −42. Ordføraren i Komona: Her vart nok publikum blenda på feil måte av denne «strålande» framvisinga! Me går vidare til Spirulina!. Publikum: Buuuu! Buuu! Buuu! Buu!.
Spirulina: LAUSLATUS KRAKENIS!. Lyd: Flooo!. Splooosj!. Skrift: 6225. Ordføraren i Komona: Vakkert! Storslege! Spirulina tek leiinga!. Spirulina & Durian: Klask!. Publikum: Klapp. Koriander: MORTUS REDITUS!. Lyd: Knuuuur!. Skrift: 2023. Ordføraren i Komona: Hm, det ser ut til at skjelett ikkje heilt fengjer lenger. Då er det vår eiga Safran sin tur!.
Safran: Grrr! Eg kan ikkje la meg slå av Spirulina! No må eg gje alt!. Hald deg unna, Trøffel!. Lyd: Frrrssj!. Frrrssj!. Skrap!. Trøffel: Mjau!. Safran: SPIRALIS. FLAMMAaaaaaah!. Lyd: Fvvvoooosj!. Svipp!. Fsssj!. Paff!. Safran: ?!!. Lyd: Fsssj!. Fsssj!. Safran: Aj-aj-aj!!!.
Safran: Nei, å nei ... Så flautt!. Publikum: Klapp. Safran: ?!. Skrift: 14 849. Pepar: Trykk. Lord Azeirf: Trykk Trykk Trykk. Skrift: 18 231. Ordføraren i Komona: Kom igjen ... Oppfør dykk no! Shichimi og Koriander er ute av konkurransen!. Og Kamille, Spirulina og Safran er vidare til finalen!.
Ordføraren i Komona: Hekser, er de klare for ei siste utfordring?. Set i gang!. Skrift: 15 703. 19 863. 13 614. Publikum: Klapp. Lyd: Dunk!. Pepar: Eg trekkjer tilbake alt eg sa om dette røystesystemet .... Lord Azeirf: Trykk Trykk Trykk. Forteljar: – SLUTT –.
Bidragsytarar: Mai 2017 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Forbetring av dialogen: Nicolas Artance, Valvin og Craig Maloney.. Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.. Programvare: Krita 3.1.3 og Inkscape 0.92.1 på Linux Mint 18.1. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 864 som støtta denne episoden:. Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy.