Avskrift
- Tittel
- Episode 22: Røystesystemet
Side 1
- Ordføraren i Komona
- Vår store trolldoms-konkurranse kan endeleg starta!
- Skrift
- Trolldomkonkurranse
Side 2
- Ordføraren i Komona
- Og takka vere dei geniale ingeniørane våre kan de òg delta!
- Ja, det stemmer, mine vener. Sjå nærare på desse teknologiske underverka som publikumsvertane no deler ut!
- Det er no de som vel vinnaren! Trykk på den grøne knappen for å gje ein deltakar eit poeng eller på den raude for å gje deltakaren eit minuspoeng.
- Kva så med juryen, lurer de kanskje på? Slapp av – me har tenkt på alt!
- Jurymedlemmane har fått ein spesial-trykkjar som gjev heile hundre pluss-eller minuspoeng!
- Pepar
- Jøss!
Side 3
- Ordføraren i Komona
- Og prikken over i-en: Poenga vert viste fram over hovuda på deltakarane!
- Skrift
- 1337
- Ordføraren i Komona
- Dei tre heksene med flest poeng går vidare til finalen!
- Og hugs at vinnaren får med seg fyrste-premien på utrulege ... ... 50 000 Ko!
- Publikum
- Klapp
Side 4
- Publikum
- Klapp
- Gulrot
- Trykk
- Pepar
- Eit fantastisk opplegg, ikkje sant, Gulrot?
- Nyskapande ... Underhaldande ... Demokratisk ... ... eit perfekt system!
- Me treng ikkje lenger ekspertar til å vurdera kvaliteten! For eit framsteg! Me lever verkeleg i ei fantastisk tid!
- Ordføraren i Komona
- Har alle funne fram trykkjaren sin?
- Publikum
- Supert!
- Ja!
- Jepp!
- Ja!
- Ja!
- Ordføraren i Komona
- Bra! La konkurransen ... STARTA!!!
Side 5
- Ordføraren i Komona
- Kamille er fyrste deltakar ut!
- Lyd
- Dgiiioo ...
- Kamille
- SYLVESTRIS!
- Lyd
- Smell!
- Publikum
- Trykk Trykk Trykk Trykk Trykk Trykk Trykk
Side 6
- Skrift
- 5861
- Ordføraren i Komona
- Ei sterk opning av Kamille! Så er det Shichimi sin tur!
- Publikum
- Klapp
- Shichimi
- LUX ... MAXIMA!
- Lyd
- Visssssl!
- Publikum
- Au!
- Ååå!
- Auga mine!!!
- Buu! Buuu!
- Pepar
- Gulrot ... Gje henne ei stemme likevel. Ho er jo venen vår ...
- Gulrot
- Trykk
- Publikum
- Buuu! Buuu!
- Skrift
- −42
- Ordføraren i Komona
- Her vart nok publikum blenda på feil måte av denne «strålande» framvisinga! Me går vidare til Spirulina!
- Publikum
- Buuuu! Buuu! Buuu! Buu!
Side 7
- Spirulina
- LAUSLATUS KRAKENIS!
- Lyd
- Flooo!
- Splooosj!
- Skrift
- 6225
- Ordføraren i Komona
- Vakkert! Storslege! Spirulina tek leiinga!
- Spirulina & Durian
- Klask!
- Publikum
- Klapp
- Koriander
- MORTUS REDITUS!
- Lyd
- Knuuuur!
- Skrift
- 2023
- Ordføraren i Komona
- Hm, det ser ut til at skjelett ikkje heilt fengjer lenger. Då er det vår eiga Safran sin tur!
Side 8
- Safran
- Grrr! Eg kan ikkje la meg slå av Spirulina! No må eg gje alt!
- Hald deg unna, Trøffel!
- Lyd
- Frrrssj!
- Frrrssj!
- Skrap!
- Trøffel
- Mjau!
- Safran
- SPIRALIS
- FLAMMAaaaaaah!
- Lyd
- Fvvvoooosj!
- Svipp!
- Fsssj!
- Paff!
- Safran
- ?!!
- Lyd
- Fsssj!
- Fsssj!
- Safran
- Aj-aj-aj!!!
Side 9
- Safran
- Nei, å nei ... Så flautt!
- Publikum
- Klapp
- Safran
- ?!
- Skrift
- 14 849
- Pepar
- Trykk
- Lord Azeirf
- Trykk Trykk Trykk
- Skrift
- 18 231
- Ordføraren i Komona
- Kom igjen ... Oppfør dykk no! Shichimi og Koriander er ute av konkurransen!
- Og Kamille, Spirulina og Safran er vidare til finalen!
Side 10
- Ordføraren i Komona
- Hekser, er de klare for ei siste utfordring?
- Set i gang!
- Skrift
- 15 703
- 19 863
- 13 614
- Publikum
- Klapp
- Lyd
- Dunk!
- Pepar
- Eg trekkjer tilbake alt eg sa om dette røystesystemet ...
- Lord Azeirf
- Trykk Trykk Trykk
- Forteljar
- – SLUTT –
Side 11
- Bidragsytarar
- Mai 2017 – www.peppercarrot.com – Teikna og fortald av David Revoy – Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen
- Forbetring av dialogen: Nicolas Artance, Valvin og Craig Maloney.
- Bygd på Hereva-universet skapa av David Revoy, med bidrag frå Craig Maloney og rettingar frå Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson.
- Programvare: Krita 3.1.3 og Inkscape 0.92.1 på Linux Mint 18.1
- Lisens: Creative Commons Attribution 4.0
- Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 864 som støtta denne episoden:
- Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot: www.patreon.com/davidrevoy