Forteljar: Samtidig, i ein annan dimensjon .... Monster: Endeleg! Ei interdimensjonal rivne!. Truleg resultatet av ei kosmisk storhending!. Veks! Veks, vesle rivne! Og vis meg ei ny verd som eg kan TRÆLBINDA og HERSKA OVER!. Oi sann ... Dette var interessant.. I dag er visst lukkedagen min ....
Monster: Ein dimensjon der det bur intelligente vesen!. Kom igjen, vesle rivne!. Veks! Muhaha-hahaha!. Pepar: Puh! Det var jammen eit kjekt selskap, kjære vener!. Koriander: Forresten, Safran og eg innsåg nettopp at me ikkje har peiling på korleis kaosah-trolldommen din verkar.. Safran: Ja, det er eit skikkeleg mysterium. Kan du gjera oss litt klokare?.
Pepar: Ha-ha, det er litt vrient å forklara.. Men du kan på ein måte seia at trolldommen byggjer på det å skjøna lovene som styrer kaotiske system ... ... dei minste til dei største.. Koriander: Ja, det var jo veldig klårgjerande .... Lyd: KLØ KLØ. Pepar: Vent litt, så kan eg kanskje finna eit enkelt døme.. Berre ein augneblink, slik at den gode, gamle kaosah-visdommen får verka litt .... Der ja!. Ser de denne tann-pirkaren som låg mellom brusteinane? Ved å plukka han opp har eg heilt sikkert forhindra nokon å tråkka på han.. Ei lita, positiv endring i livsens store kaotiske system kan altså ha enorme konsekvensar. Det er dette kaosah handlar om!.
Shichimi: Æsj!. Koriander: Uææh! Nokon har hatt han i munnen!. Safran: Ha-ha! Du imponerer som alltid, Pepar!. Koriander: Fint, Pepar. Takk for denne ... «forklaringa».. Men no er det vel på tide å krypa til køys? Og så bør nok nokon vaska hendene sine.. Pepar: Hei sann! Vent på meg!. Lyd: Knips!. Tapp! Tapp!. SMEKK!. Gulrot: ?.
Lyd: KRASJ!. BANG!. SMELL!. Fusss!. PoFF!. Pepar: Ta det med ro, Gulrot. Det er nok berre nokon som ikkje har avslutta feiringa heilt enno .... God natt, litle ven!.
Karve: Verkeleg? Klarte ho å utløysa ein så enorm kjedereaksjon utan å vera klar over det sjølv?!. Kajenne: Utan tvil.. Timian: Mine damer, no trur eg vår kjære Pepar endeleg er klar!. Lyd: Fsjjjj!. Monster: .... Lyd: Fvip!. Forteljar: – SISTE DEL AV TRILOGIEN OM KRONINGA AV KORIANDER –.
Bidragsytarar: 25. april 2019 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: CalimeroTeknik, Craig Maloney, Martin Disch, Midgard, Nicolas Artance og Valvin. Omsetjing til engelsk: CalimeroTeknik, Craig Maloney, Martin Disch og Midgard. Omsetjing til nynorsk: Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nartance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson. Programvare: Krita 4.1.5~appimage og Inkscape 0.92.3 på Kubuntu 18.04.1. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com. Pepar: Visste du dette? Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 960 som støtta denne episoden!. Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon! Tusen takk!.