Wasabi: TILGJE DEG?! Tullar du?!. KAST HENNE I FENGSEL!.
Lyd: Fsssj.... Pepar: Søren! Eg kan jo ikkje gjera noko her!. Hersens magiske fengsel! Grrr!. Lyd: KLANK!.
Pepar: At eg kunne vera så godtruande!. Shichimi: Hysssj, Pepar! Demp deg.. Pepar: Kven der?!. Shichimi: Hysj, sa eg! Kom hit. Eg skal få deg fri.. Lyd: Ksjiii.... Pepar: Shichimi?.
Shichimi: Eg er ... Eg er lei for det som hende .... ... slåstinga vår, veit du.. Eg ... eg måtte gjera det.. Pepar: Eg skjønar. Ikkje tenk på det. Takk for at du er her.. Shichimi: Magien i cella er veldig sterk – du har verkeleg fått full pakke!. Pepar: Ha-ha!. Shichimi: Ikkje så høgt, elles oppdagar dei oss .... Rotte: SLIKK SLIKK SLIKK. Shichimi: Men du, det er endå ein grunn til at eg er her. Like etter seremonien vart eg innlemma i Wasabis indre sirkel, og då fekk eg vita om planane hennar ....
Shichimi: Det er forferdeleg, Pepar!. Wasabi ynskjer rett og slett å herska over alle dei andre magiskulane .... Og ved morgongry dreg ho med ein hekse-hær til Kvalistad .... Pepar: Å nei! Koriander! Og riket hennar!. Shichimi: Og Zombiah-magien! Me må skunda oss og åtvara henne.. Ein drake med ryttar står klar oppe på plattforma for å hjelpa oss vekk.. Der – endeleg fekk eg opp låsen!. Lyd: Tsing!. Pepar: Bra jobba! Eg skal berre henta Gulrot og hatten min.. Rotte: Piiip!. Gulrot: FRES!. Lyd: KLANK!. Rotte: Piiip!. Lyd: KLINK!. KLANK!. KLINK!. KLANK!. Pepar: !!!. Shichimi: !!!. Vaktar: VAKT! HJELP TIL!. EIN INNTRENGJAR PRØVER Å HJELPA FANGEN Å FLYKTA!.
Shichimi: Men me klarte det nesten .... Pepar: Ja, nesten .... Veit du forresten kvifor Wasabi har eit horn i sida til meg?. Shichimi: Ho er redd for de Kaosah-hekser, Pepar .... Og spesielt for kjede-reaksjonane dykkar. Ho meiner dei er ein stor trugsel mot planane hennar.. Pepar: Å, pfff ... Der treng ho iallfall ikkje uroa seg; eg har aldri heilt fått til å skapa ein einaste ein.. Shichimi: Har du ikkje?. Pepar: Nei, aldri, ha-ha-ha!. Shichimi: Hi-hi-hi! Ho er verkeleg paranoid ....
Konge: Adjutant! Er du sikker på at dette er tempelet til denne heksa?. Adjutant: Temmeleg sikker, min herre! Fleire av spionane våre har sett henne her i det siste.. Konge: Grrr... Så det er her ho som trugar kringskunsten og tradisjonane våre, bur!.
Konge: La oss feira den nye alliansen vår ved å jamna heile tempelet med jorda.. Fiende: Godt sagt!. Lyd: Klapp. Hær: Bra! Bra! Bra! Ja! Heia! Juurrr! Hepp! Jihaa! Jaaah! Hurra!. Konge: KATAPULTAR! FYR!!!. Lyd: huUVOOOOOOOOOOO!. Vooosj! Vooosj!. Konge: TIL ÅÅÅTAAAK!!!. Pepar: Kva skjer? Eit åtak?!. Lyd: DRØNN! DRØNN!. Shichimi: Kva?!. Lyd: KA-BOOM!. BRAK!.
Pepar: Host! Hark!. Shichimi! Går det bra?. Shichimi: Ja, det gjekk fint. Og du? Og Gulrot?. Pepar: Bra med oss òg.. Kva i alle dagar?! Eg ... kan ikkje tru det .... Shichimi: Kva gjer alle krigarane her?! Og med katapultar?! Kva vil dei oss?. Pepar: Ikkje godt å seia ... Men dei to der dreg eg iallfall kjensel på.. Shichimi: ?. !!!. Torreya – her!.
Torreya: Shichimi! Åndene vera lova – du er trygg!. Lyd: Trykk. Torreya: Eg vart så redd då eg fekk høyra at dei hadde teke deg til fange! Og så dette åtaket! For eit kaos!. Shichimi: Det er så godt å sjå deg, Torreya.. Pepar: Du store .... Så drakeryttaren var kjærasten til Shichimi .... Tør ikkje tenkja på at eg nesten kvitta meg med henne der i hòla.. Og dei to hærane må ha følgt etter meg.. Hadde det ikkje vore for dei, hadde me framleis vore fengsla.. Alt heng saman .... ... Oi!.
Torreya: Kva er det med henne?. Shichimi: Pepar – går det bra?. Pepar: Ja, alt i orden. Eg har berre innsett noko.. Alt som har skjedd, er – direkte eller indirekte – følgjer av mine handlingar, mine val .... ... med andre ord: min kjedereaksjon!. Shichimi: Verkeleg? Dette må du forklara for meg.. Torreya: Nok snakk – me er midt i eit slag. Me kan snakka om det på flyturen. Hopp på, Pepar!. Shichimi: Torreya har rett. Me må koma oss til Kvalistad.. Pepar: Nei, vent litt.. Hæren til Wasabi er i ferd med å gå til motåtak. Me kan ikkje berre la dei ta livet av kvarandre.. Eg kjenner det er mitt ansvar å få slutt på denne kampen..
Torreya: Men korleis?. Arra: Ja, korleis skal du få til det, vesle heks? Eg kjenner at du ikkje har fått bygd opp nok rea enno.. Pepar: Det stemmer, men eg har ein trylleformel på lur som kanskje kan ordna alt. Eg treng berre lite grann av rea-en din for å kunna nå alle der nede.. Arra: Gje energi til ei heks? Det er forbode! Gløym det! Aldri!. Pepar: Vil du heller sjå eit blodbad her?. Torreya: Ver så snill, Arra. Gjer eit unntak. Jentene og drakane som slåst, høyrer jo til skulen vår, familien vår. Og det gjer du òg.. Shichimi: Ja, ver så snill, Arra!. Arra: PFF! Greitt! Men ho gjer det på eige ansvar!.
Lyd: Fsjjj!!!. Pepar: Oi! Å-å-å!. Så det er slik drake-rea kjennest!. Shichimi: Skund deg, Pepar! Me har lite tid!. Pepar: Allus ...!. Yuus ...!. Needum ...!. Est .... ... LOVIUS!. Lyd: Dzziooo!.
Lyd: Sjsss! Sjiii! Hfhiii! Dziiing! Fuss! Fuss! Dziiing! Hfhiii! Sjiii! Sjsss!. Pepar: Denne trylleformelen var første forsøket mitt på ein antikrigsformel.. Han gjer fiendar om til vener .... ... og vald om til kjærleik og medkjensle.. Shichimi: Oi! Det ... Det er heilt utruleg, Pepar! Dei har slutta å slåst!. Torreya: Formelen verkar!.
Shichimi: Men kva er det som skjer? Nokre av dei kyssar kvarandre?!. Torreya: Oi ... Her var det mange nye par!. Hadde du rekna med dette, Pepar?. Pepar: Æh, eigentleg ikkje ... Det må ha vore drake-rea-en som førte til ein overdose kjærleik i formelen.. Torreya: Ha-ha! Dette slaget går nok rett inn i historiebøkene!. Shichimi: Tji-hi. Utan tvil!. Pepar: Å, så flautt!. Forteljar: – SLUTT –.
Bidragsytarar: 15. desember 2021 Teikningar og forteljing: David Revoy. Tidleg tilbakemelding: Arlo James Barnes, Bhoren, Bobby Hiltz, Craig Maloney, Estefania de Vasconcellos Guimaraes, GunChleoc, Karl Ove Hufthammer, Nicolas Artance, Pierre-Antoine Angelini og Valvin. Omsetjing til nynorsk Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen. Bygd på Hereva-universet Skapar: David Revoy. Hovudutviklar: Craig Maloney. Forfattarar: Craig Maloney, Nicolas Artance, Scribblemaniac og Valvin. Rettingar: Willem Sonke, Moini, Hali, CGand og Alex Gryson. Programvare: Krita 5.0β og Inkscape 1.1 på Kubuntu Linux 20.04. Lisens: Creative Commons Attribution 4.0. www.peppercarrot.com. Pepar: Visste du dette? Pepar & Gulrot er ein heilt fri teikneserie, med opne kjelder, og er sponsa av lesarane. Takk til dei 1 036 som støtta denne episoden!. Du òg kan støtta arbeidet med neste episode av Pepar & Gulrot og få namnet ditt her! Me er på blant anna Patreon, Tipeee, PayPal og Liberapay ... Sjå www.peppercarrot.com for meir informasjon! Tusen takk!.